Ludvig Kristensen Daa
Ludvig Kristensen Daa | |||
| |||
Fødd | 19. august 1809 Saltdal | ||
---|---|---|---|
Død | 12. juni 1877 Christiania | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | historikar, redaktør, politikar, arkivar, journalist | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo Bergen Katedralskole | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Ludvig Kristensen Daa (19. august 1809–12. juni 1877) var ein norsk historikar, journalist og politikar. Daa kan forvekslast med sine slektningar Ludvig Daae og Ludvig Daae (1834–1910).
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Daa var fødd i Saltdal, der far hans var prest. Han gjekk på Bergens katedralskule, der han vart student i 1826. Det påfylgjande året var han huslærar hos statsråd C. Krogh i Trondheim, deretter lærar ved Møllers institutt i Kristiania. I 1834 vart han cand. philol. ved universitetet.
I 1830-åra stod Daa saman med Henrik Wergeland i spissen for fornorskinglinja mellom studentane, og hevda utprega liberale synspunkt.
1835-37 var han konstituert dosent i historie og geografi ved universitetet. Han var einstemmig innstilt til dosenturet, det gjekk i staden til Peter Andreas Munch. Daa la då ut på reise til London og Paris for å studere statsøkonomi. Han søkte i 1837 stilling som lærar i statistikk, og vart innstilt av kollegiet, men jobben gjekk til Anton Martin Schweigaard.
Han var så statsrevisor 1839-51, og stortingsarkivar 1845-71. Samstundes, 1852-62, arbeidde han som adjunkt og overlærar ved Kristiania katedralskole. I 1862 vart han lektor og i 1867 professor i historie. Han var styrar av etnografisk museum frå 1863. Daa skreiv verk som omhandla historie, etnografi, geografi og om samfunnsøkonomiske spørsmål.
Daa hadde størst innverknad som journalist og politikar. 1840-43 gav han ut bladet Granskeren, eit organ som arbeidde for å danne ein sterk liberal opposisjon og for innføring av reformer i europeisk «nasjonalliberal» retning.
I 1842 og 1845 hadde Daa sete i stortinget for Akershus amt, i 1845 var han odelstingspresident og formann i konstitusjonskomiteen. År 1854 representerte han Kristiania på stortinget, var då formann i komiteen om stortingsbygniga. På stortinget slutta Daa seg til bondeopposisjonen og var ei tid ein av dei leiande i denne. I fleire viktige saker tok han avstand frå bondegrupperinga, sidan denne i hovudsak kjempa for sine standsinteresser. Han kom slik på kant med andre i opposisjonen og låg jamnt i strid i pressa. Ved stortingsvala for 1865-66, 1868-69 og 1871-73 nådde han ikkje høgare enn 1. varamannsplass.
Daa heldt fram som journalist livet ut, dels som redaktør for Christianiaposten, dels som utgjevar av Den norske tilskuer (1851-53) og Tidstavler (1872-76). I sine artiklar i Christianiaposten viste han stor forståing for arbeidarrørsla 1848-49 og støtta tanken om delinga av Slesvig etter nasjonalitetsprinsippet, sjølv om han var ivrig skandinavist.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Denne artikkelen bygger på «Ludvig Kristensen Daa» frå Wikipedia på bokmål, den 19. april 2010.